FBF - Funksjonhemmede Barns Familieforening vart stifta i 2005. Vi arrangerar samlingar for foreldre og familiar fleire ganger i året. Med lokallag i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, jobber vi for å støtte familier med funksjonshemmede barn.
FBF er ei foreining som vil rette fokuset på familiesituasjonen til dei som har fått
eit barn med ei eller anna form for funksjonsnedsetting.
Diagnosa er ikkje hovedfokuset vårt, men det å sjå barna, foreldra, sysken og nettverket rundt er noko av dei viktigaste oppgåvene foreininga har.
Vi jobbar for å forbetra oppvekstvilkåra og livskvaliteten for både brukarar og familiene deira.
Vi arrangerer familie-, sysken-, foreldre- og dagssamlingar for våre medlemmar.
Der utvekslar og haustar vi nye erfaringar som gjer kvardagen lettare for alle i familien.
Sentralstyret består av:
- Styremedlemmar m/vara
- Ungdomskontakt m/vara
- IT-ansvarleg
- Revisor
- Valgnemd
Alle i sentralstyret er oppnemd frå
fylkes- og lokallag.
Fylkes- og lokallagsstyret består av:
- Styremedlemmar m/vara
- Ungdomskontakt m/vara
- Brukermedlem m/vara
- Revisor
- Valgnemd
FBF har fire forskjellige typar medlemskap.
Under finn du ei oversikt over dei forskjellige
typar medlemskap og prisane for dei.
Medlemskap som gir
stemmerett.
Kr. 300,-
Betingar at det er tinga eit hovedmedlemskap av eit anna familiemedlem.
Må vere i alderen 0 - 26 år.
Kr. 50,-
Ein får ei stemme for familiemedlemskap.
Familiemedlemskap forutset at alle som
inngår i medlemskapet har den same
adressa i folkeregisteret.
Kr. 500,-
Støttemedlemskap for andre, som ikkje gir
stemmerett. Forelder med anna adresse i
folkeregisteret enn barnet kan tegne eit
støttemedlemskap.
Kr. 150,-
Vil du bli medlem eller har du spørsmål?
Kontakt oss gjerne ved å bruke skjemaet
til høgre eller send oss ein e-post til
adressa under.